Back to All Events

Sommarteater på Munkholmen

Annie - årets sommarteater på Munkholmen!

Annie_Munkholmen.jpg

Vesle Annie vart etterlatt på barneheimen då ho berre var to månader gammal. Handlinga er lagt til depresjonen i USA på 1930-talet. På barneheimen regjerer den strenge frk. Hannigan, og Annie drøymer om at foreldra skal kome og hente henne. Men vil det nokon gong skje?

Denne rørande musikalen passar like godt for barn som for vaksne. På scena møter du omlag 30 barn og vaksne frå Teaterlaget i BUL. Instruktør er Ingrid E. Kummeneje og musikalsk ansvarleg er Øyvind Jo Heimdal Eik.

Forestillinga vert spela inne i tårnet på Munkholmen frå 7. til 28. juni. Kvardagar kl. 18:30 og søndagar kl. 15:30 og 18:30. Det er ikkje forestilling laurdagar.

Billettar
Barn og honnør: 210 kr.
Vaksne: 260 kr.

Earlier Event: June 21
Omvisning på Munkholmen
Later Event: June 22
Omvisning på Munkholmen